hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold
Gnist fra Karmøy
Denne gjengen frå Karmøy har gjort eit flott inntrykk under fleire Zporty-festivalar. Og me er glade for å ha dei her igjen. Kontakt oss dersom du ynskjer dei til ditt arrangement!


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
Portrettarkiv
Gnist fra Karmøy
15.06.09 - Denne gjengen frå Karmøy har gjort eit flott inntrykk under fleire Zporty-festivalar. Og me er glade for å ha dei her igjen. Kontakt oss dersom du ynskjer dei til ditt arrangement!
Thomi & Dani
25.06.08 - Du huskar heilt sikkert Thomi & Dani frå Norske Talenter på TV2. Dei som tryllar og skoiar slik at dei kom heilt til finalen. Dei er nå klare for Zporty-festivalen sitt avslutningsshow torsdag 17.7. Jesss...
Thomas Vestbø
04.02.08 - Er frå Sandeid og er i ferd med å gå fryktelig fort på ski. Han er fortsatt junior, og er ein del av Team Hovden, og går på skigymnaset der. Stå på vidare. Det er kjekt å stå på ski!
Sandra
19.07.07 - Sandra Lyng Haugen! Svært kjent og godt likt ikkje minst frå Idol. Ei av dei som me meiner passar godt inn i zporty-ånda. Trivlige og med glimt i auga. Ny plate er visstnok også under planlegging. Takk for ein flott konsert under avslutningsshowet til Zporty-festivalen!
Irene Birkenes
29.01.07 - Irene bur i Skånevik og arbeider i Zporty butikken. Ho er 29 for 6 året på rad, og har to born i alderen 9-11 (ca.) Ho har stor glede av å vera kunderådgivar både når det gjeld bekledning og frilufsutstyr. Og blir ho lenge nok i butikken så kan ho vel "alt" om fjellklatring og...
Eirik Reinsnos
27.11.06 - Me i Zporty er svært glade for å ha fått Eirik med oss på laget. Frå Stavanger men nå busett i Vats. Fiskens store skrekk! Han er svært interessert i alt som har med friluftsliv og spesiellt fisking å gjera. Og har hatt utallige "gjengar" med seg på fisketurar, hestaturar m.m. Har også vore leiar under Zporty-festivalen i Vikedal. Han kan sikkert gi deg nokre tips som vil resultera i at du får ei endå meir aktiv og positiv fritid. Lykke til i jobben Eirik!
Magnar Larsen
21.10.06 - Magnar Larsen frå Sandeid blir dagleg leiar for Zporty-butikken i Etne. Har er ein frisk og omgjengeleg ungdom som alltid har vore svært aktiv på fritida med fiske, jakt, fotball og mykje anna. At han skal kunna levera gode råd i tillegg til "rett produkt" til kundane er me optimistiske til. Lykke til!
Anders Vaka
29.05.06 - Anders vant Popstjernå-2006. Han kan fortelja at det har blitt nokre spelejobbar og litt omtale på grunn av det. Og at det var "jysla kjekt" under sjølve finalen. Så nå er det ny sjangse for DEG!
Snømannen Kalle
23.01.06 - Ein som verkeleg er verdt eit portrett, er etter vår meining snømannen Kalle. Han er ein populær person for tida. Viktig å stimulera alle til å laga flotte, stilige, artige, løgne, kule, store, små, frekke og kjekke snømenner. Ja, kanskje også damer... Stå på, og lag ditt bidrag.
Eirik Totland - The Bikeman...
16.06.05 - For dei som leste Haugesunds Avis her om dagen, kunne dei lesa om Eirik Totland. Han kjem til oss på onsdagen kl. 14.00 å gjere ei oppvisning innan Biketrail. Du vil oppleva at det går an å gjera dei utruligaste ting med sykkel... Følg med den guten!
Tore Go-cart!
30.05.05 - Tore Flydal er igjen klar for zporty-festivalen. Han tek med seg nokre spreke og stilige go-cartar frå Skånevik. Der du kan kjøra også ellers i året. Denne aktiviteten var fullbokka i 2004, og me set stor pris på at han stiller opp igjen. Slike folk vil gamle Norge ha!
Opningsseremoni og avslutningsshow!
14.03.05 - Me meiner at det er viktig at du og flest mogleg er på plass til opningsseremonien lørdag kl. 11.00. Der vil me presentera kursleierane, litt info. og underhaldning ved bl.a. Ida Nerheim og Karoline Nærheim. På avslutningshowet kjem bl.a. Dance Factory og Gry Irene Natland for å underhalda oss. Og kanskje kommer kongen...
Tommy Sørensen er klar!
28.02.05 - Endeleg er instruktør for Alpintelskaren på plass. Tommy er klar som eit egg. Med nyslipte stålkanter, fødselsattest frå Molde, tidligare alpinist som bakgrunn og ellers stor appetitt på snø, så er han klar. Så nå kan du berre melda deg på til Alpintelskaren! Og, eller andre kurs...
Takk til Per Gunnar
08.02.05 - Det er berre å sei det med ein gong. Utan Per Gunnar Hettervik i Suldal Reiselivslag hadde det ikkje blitt snøfestival. Dei satsar sterkt på at turistar skal koma til Suldal, og det er det mange gode grunnar til. Sjekk kva Suldal har å tilby! Takk så langt Per Gunnar!
Takk til alle...
16.07.04 - Takk til alle som har bidratt. Og hovedportretta må bli Sivert Ole Holten, Knut Stølsmark, Sommarfestivalen (lån av telt), Roots-festivalen (lån av scene), Vindafjord Røde Kors og mange utruligt positive og hjelpsomme enkeltpersonar. Takk! Takk! Takk!
Garp og Stryk...
29.06.04 - Poporkesteret GARP frå Haugesund og folkemusikkgruppa STRYK frå Haugesund, Karmøy og Sveio er klare for Zporty-festivalen. Garp har konsert onsdagen og innslag på avslutningsshowet på torsdagen. Stryk opptrer på avslutningsshowet. Årre`steikje ka me gler oss...
Bikkjaa til Zporty-festivalen
19.12.03 - Rocke/punk-bandet BIKKJAA frå Haugesund er klar for Zporty-festivalen. Det blir snadder... Så her er det berre å gjera seg klar for action.

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools