KOR, NÅR OG KORLEIS. Stad - Gullingen i Suldal Kommune (i Nord-Rogaland - 11 mil inn i landet fra Haugesund, og ikkje langt frå Sauda, Vindafjord, Ølen, Etne, Hjelmeland, Strand, Sandnes og Stavanger Kommunar.) Tid - Palmehelga.
Dette legg me opp til... - Eit levande festivalområde, som blir i, ved og rundt skitrekket på Gullingen. Med masse kjekke folk, musikk, underhaldning, matservering, ulike aktivitetar og mykje anna. Rett og slett ein snadder snøfestival... - Anledning til å sjå kva alle andre gjer under sine aktivitetar - Interessant, spanande og koooolt program - Ulike demonstrasjon av ulike aktivitetar - Masse sosial omgang med alle sorter kjekke folk - Inspirasjon til å leva "eit zporty liv"...
Målsettinga er at alle verkeleg skal få oppleva noko som vil prega dei på ein positiv måte, gjerne for resten av livet! Store ord, men det er nå eingong det som er meininga!
|