PROGRAM FOR ZPORTY-SNØFESTIVAL 2010 Her kjem programmet for Zporty-snøfestival på Gullingen i Suldal Kommune. Me gjer merksam på at det kan bli endringar undervegs.
Påmelding Til alle aktivitetar så er det berre å møta opp i sekreteriatet som er på festivalområdet på Gullingen skitrekk.
Lørdag - 27. mars 10.00 Festivalområdet opnar. Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs. Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Enkelte aktivitetar som snøbilbygging, laga verdas kulaste snøhus, Norgesmesterskap i rumpebrett, snøsafari, skattejakt etc. kan du også melda deg på til/prøva deg på. Musikk og anna liv og røra vil me også kunna tilby...
Registrering/billettar Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt bestilte billettar, eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få program og liknande. Billettprisen er kr 150,- pr. familie og kr 50,- for enkeltpersonar pr. dag. Då kan alle i familien og den enkelte delta på det dei vil, så langt det er plass. Med unntak av scooterkjøring. Heiskort i alpinbakken kjem i tillegg.
Alpinbakken Me vil så godt me kan preparera bakken på aller beste måte, og også prøva å få lagt inn nokre ekstra utfordrande hopp. Og kanskje nokre andre kjekke saker...
Skileik og snøleir Open og klar heile dagane til fri disposisjon. Mange kjekke aktivitetar, som orgeltramp, minislalom, snøholegraving, hopp og anna. Me vil laga til ein snøleir, der ein kan eta nista si, varma seg i lavvo og liknande.
12.00 Opning Alle samlast i "bakken" for opning. Her vil alle bli ynskt velkommen, i tillegg til å få informasjon om tanken bak festivalen, zporty-kulturen, kva som skal skje og anna. Nå er me igong!
12.00 Skattejakt Me har lagt ut skattar rundt om i alpinbakken og i området rundt scenen. Den eller dei som finn dei får dei. Max 1 til kvar. Møt ved skitrekket og få opplysningane og eit deltakarbevis. Må vera avslutta innan kl. 13.00.
12.00 Snøsafari Bli med opp mot toppen av trekket. For å koma ned igjen stuper og vassar me gjennom dei skummlaste plassane. Dei under 8 år må ha ein vaksen med seg. Turen tek ca. 1 time. Påmelding i forkant. Max 15 stk.
13.00 Snøborg-bygging Lag verdas stiligaste snøborg. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 14.00. Det er max 5 personar som kan laga ei snøborg. Bruk dei effektane du sjølv ynskjer.
14.00 Slalåmrenn I alpinbakken. Alle aldersgrupper. Påmelding i forkant. Klasseinndelinga er opptil 10 år, 10 til 13 og fra 14 og oppover. (Husk at også dette var fullbooka i fjor)
14.00 - 16.00 Scooterkjøring Dei yngste og dei eldste kan få leiga seg scooter. Ved skitrekket. Kr 30,- pr. gong.
15.00 Friskusen Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik... Max 10 stk. pr. tur.
15.00 Snøstafett. For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken. Tre personar utgjer eit lag, som alle skal utføra ulike "snøoppgåver". Det første laget i mål blir hederleg premiert og omtalt langt utover Suldal sine grenser... 12.00 14.00 Begge dagar - Lassokasting. Med ekte lasso som samane brukar for å fanga reinsdyra. - Snøfiske - Rebus mm.
Takk for ein Zporty dag!
Zøndag - 28. mars
10.00 Festivalområdet opnar. Salg av billettar og påmelding til aktivitetar. Musikken dundrar, folk beveger kroppen i ulike retningar, latteren sit laust, spenninga over det "du" skal vera med på er påtrengjande... Du er innstillt på å yta ditt aller besta, også for at andre skal få zporty opplevingar! Registrering. Alle må innom sekreteriatet for å kjøpa billettar til aktivitetane, få tildelt program og liknande.
11.00 Snøsafari Bli med til toppen av trekket. For å koma ned igjen stuper og vassar me gjennom dei skummlaste plassane. Dei under 8 år må ha ein vaksen med seg. Turen tek ca. 1 time.
11.00 Friskusen Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik...
11.00 Skattejakt Me har lagt ut skattar rundt om i alpinbakken og i området rundt scenen. Den eller dei som finn dei får dei. Møt ved skitrekket og få opplysningane og deltakarbevis. Max 1 til kvar. Må vera avslutta innan kl. 13.00.
12.00 Snødyr-bygging Lag eit dyr du likar av snø. Det kan vera bjørn, ulv, tiger, elg, sjiraff, elefant, sau, ku eller kanin. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 13.00. Det er max 5 personar som kan vera med på eit dyr. Bruk dei effaktane du sjølv vil. Premieutdeling til alle så snart me er klare etter kl. 13.00.
13.00 Snøballkasting Blir du Suldalsmeister i Snøballkasting? Endeleg skal me få kasta snøball utan å måtta sitja igjen! Her kan alle delta, og det vil både bli kvalifisering og finalar. Store og små. Damer og menner. Gutar og jenter. Hundar og kattar. Bjørn og ulv. Påmelding i forkant.
13.00 - 15.00 Scooterkjøring Dei yngste og dei eldste kan leiga snøscooter. Ved skitrekket. Kr 30,- pr. gong. 14.00 NORGESMEISTERSKAP I RUMPEBRETT-RALLY Dette kan ta heilt av! Som tidligare år! Men, nå kan du altså bli Norgesmeister i tillegg! Me har seniorklasse (både kvinnlige og herrlige), juniorklasse (13 - 19 år) og barneklasse. Premiering og diplom til alle! Møt ved skitrekket. Påmelding i forkant. (max 50 stk.)
15.00 Friskusen Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik... Max 10 stk. pr. tur.
15.15 Snøtryne Kast snøball på ein som er tøff nok til å stikka hovudet sitt fram... Den som treff får premie!
15.30 Avslutning! Me markerer slutten på to utrulege dagar, håpar me. Der alle, forhåpentligvis, har inspirert alle. Og den enkelte går heim til sitt med ei zporty oppleving.
Takk for ditt bidrag, og hjerteleg velkommen tilbake i 2011!
Tek forbehald om endringar. Og ikkje minst forbehald om været... (men det ordnar seg...)
ZPORTY-FESTIVALEN Vil berre få takka alle sponsorar, deltakerar, aktivitetsleierar, grunneigerar, og alle andre som har bidratt til at Zporty-festivalen, etter vår meining, så langt er vellukka!