hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Snøfestival - 2013
Program 2013
Snøfestival - 2012
Snøfestival - 2011
Bilder
Snøfestival - 2010
Snøfestival - 2009
Snøfestival - 2008
Snøfestival - 2007
Snøfestival - 2006
Snøfestival - 2005
Om Zporty snøfestival
Kor, når og korleis
Samarbeidspartnerar
Kurs
Overnatting
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold


PROGRAM FOR ZPORTY-SNØFESTIVAL 2013

Her kjem programmet for Zporty-snøfestival på Gullingen i Suldal Kommune. Me gjer merksam på at det kan bli endringar undervegs.


Påmelding

Til alle aktivitetar som er på festivalområdet ved Gullingen Skitrekk er det berre å møta opp i sekreteriatet.
For informasjon - 93249811


Fredag 8. Mars
Kveldskjøring alpint fredag kveld fra 18:.00 til 21.00. Stor stas!

Laurdag 9. Mars
Trekket går som vanleg laurdag og søndag. Fra 10.00 – 16.00

Kveldsaking laurdag fra 17.30 – 21.00. Hjelm og snøbriller er påbudt.

Heilaften med Raclette, fondue og mykje attåt i varmestova frå kl. 17.00 -21.00.

Bordbestilling med ønska etetid til 52799901 eller post@gullingen.no

Pris - Vaksne kr. 200,-

Born - 8-16 år kr. 150,-

Born - under 8 år kr. 65,-

Zøndag 10. Mars

Aktivitetar

10.00
Festivalområdet opnar. 
Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Enkelte aktivitetar som snøbilbygging, laga verdas kulaste snøhus, Norgesmesterskap i rumpebrett, snøsafari, skattejakt etc. kan du også melda deg på til/prøva deg på. Musikk og anna liv og røra vil me også kunna tilby...

Registrering/billettar
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt bestilte billettar, eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få program og liknande.
Billettprisen er kr 150,- pr. familie og kr 50,- for enkeltpersonar pr. dag. Då kan alle i familien og den enkelte delta på det dei vil, så langt det er plass.Heiskort i alpinbakken kjem i tillegg.

Alpinbakken
Me vil så godt me kan preparera bakken på aller beste måte, og også prøva å få lagt inn nokre ekstra utfordrande hopp. Og kanskje nokre andre kjekke saker... Nye utfordringar som ulike rails er også nytt av året:)

11.00
Opning
Alle samlast i "bakken" for opning. Her vil alle bli ynskt velkommen, i tillegg til å få informasjon om tanken bak festivalen, zporty-kulturen, kva som skal skje og anna. Nå er me igong!

11.00
Skattejakt
Me har lagt ut skattar rundt om i alpinbakken og i området rundt scenen. Den eller dei som finn dei får dei. Max 1 til kvar. Møt ved skitrekket og få opplysningane og eit deltakarbevis. 
Må vera avslutta innan kl. 12.00.


12.00
NORGESMEISTERSKAP I RUMPEBRETT-RALLY
Dette kan ta heilt av! Som tidligare år! Me har seniorklasse (både kvinnlige og herrlige), juniorklasse (13 - 19 år) og barneklasse. Premiering og diplom til alle!
Møt ved skitrekket. Påmelding i forkant. (max 50 stk.)


13.00
Snøballkasting
Blir du Suldalsmeister i Snøballkasting? 
Endeleg skal me få kasta snøball utan å måtta sitja igjen på skulen! Her kan alle delta, og det vil både bli kvalifisering og finalar. Store og små. Damer og menner. Gutar og jenter. Hundar og kattar. Bjørn og ulv.

13.00
Snøskulptur-bygging
Lag verdas stiligaste snøskulptur. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 14.00.
Det er max 5 personar som kan laga ein snøskulptur. Bruk dei effektane du sjølv ynskjer.

14.00
Slalåmrenn
I alpinbakken. Alle aldersgrupper. Påmelding i forkant. Klasseinndelinga er opptil 10 år, 10 til 13 og fra 14 og oppover.

15.00
Friskusen
Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik... 
Max 10 stk. pr. tur.

15.00
Snøstafett. 
For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Tre personar utgjer eit lag, som alle skal utføra ulike "snøoppgåver". Det første laget i mål blir hederleg premiert og omtalt langt utover Suldal sine grenser...

15.30
Snøtryne
Kast snøball på ein som er tøff nok til å stikka hovudet sitt fram... Den som treff får premie!

16.00
Avslutning!
Me markerer slutten på kjekke dagar, håpar me. Der alle, forhåpentligvis, har inspirert alle. Og den enkelte går heim til sitt med ei zporty oppleving.

Det vil også vera andre småaktivitetar alle kan delta på.

Takk for ein Zporty dag!

Tek forbehald om endringar. Og ikkje minst forbehald om været... 

(men det ordnar seg...)



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools