foredraget -
Om det å formidla budskap!
- noko alle, ja også du og eg, må vera gode på…
Formål
Eit foredrag som skal resultera i at den enkelte blir betre på å formidla budskap!
Alle bedrifter, lag- og foreningar etc. meiner dei har noko godt å tilby. Enten i form av produkter, tjenester eller liknande. Men korleis få det fram… Og i tillegg få det fram på ein slik måte, til den rette målgruppa, at me oppnår det me ynskjer.
Her har du nokre emne som foredraget fokuserer på;
Om det å formidla budskap…
Alle blir me utsatt for 3000 inntrykk (budskapsformidlingar) pr. dag. Svært mange vil fortelja nettopp oss eit eller anna. Kva skal me gjera for å nå fram, når me har eit budskap me vil formidla?
Dette foredraget vil vera innom ulike måtar å formidla budskap på.
Som for eksempel;
- Har det nokon betydning korleis me tar telefonen
- Har det noko å bety korleis me ter og kler oss
- Har det noko å sei korleis me snakkar
- Skal me senda e-post eller brev
- Korleis få mottakaren til å opna nettopp vår konvolutt med interesse
- Korleis byggja ei sterk merkevare
- Korleis få heile laget til å formidla det same budskapet
- Får enkelte betre betalt for det same produktet, berre ved å formidla budskapet annleis?
- Kva budskap er det eigentleg me skal formidla, til kven og kvifor…?
- Korleis få mottakaren til å lesa den informasjonen me sender
kort og godt; - korleis formidla budskapet, til dei me ynskjer, på ein slik måte at me oppnår det me ynskjer… Dette MÅ absolutt alle bli gode på!
Dette var nokre hovedpunkter i foredraget.
Evaluering
Alle deltakerane vil få utdelt eit evalueringsskjema til bruk i etterkant.
Foredragshaldar
- Frank Robert Abelseth, født 20.06.60 i Ålesund.
- Bur i Sandeid i saman med Hilde og ungane Simon, Henny og Mathias.
- Utdanning innan markedsføring, og har c-trenar utdanning i fotball.
- Har levd i fem år av å reisa rundt å spela til dans, konsertar, barnashow, familieshow og anna. Har ca. 2.500 offentlige opptredenar.
- Kåra som årets forballtrenar på Haugalandet i 1999. Då mest pga. arbeidet med bevisstgjering av lagbygging og jobbing med å utvikla den enkelte til å bli best mulig på det den enkelte har anlegg for.
- Kåra tre år på rad til beste foredragshaldar av 6-9 foredragsholderar på eit større seminar.
- Initiativtakar og arrangør av zporty-festivalen. (for barn og ungdom)
- Bygd opp landets størte grafiske kjede, A1 Grafisk Nettverk as. Som nå er kjøpt av svenke Prinfo Scandinavia AB.
- Svært engasjert i barn og ungdom. Utallige turar i skog og mark, treningsleirar, snøaktivitetar, barnaunderhaldning og mykje anna.
- Sterk fokus og prioritering av prioritering av tid. Svært direkte og ærlige.
Kostnad
Vår pris inkl. førebuing, gjennomføring og hefter er kr 150,- pr. person. Med ein minimumspris på kr 6.000,-.
Sluttord
Me i Zporty har ein parole som heiter ”Lær, lek & lev!” Alle skal læra noko, leika og alle skal få ei god føling med det å leva. Og det skal det bli!
Med venleg helsing
Zporty – Boks 190 – 5580 Ølen
Frank Robert Abelseth
Budskapsformidlar
922-38351