hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Om opplevingane
Reiser
Uteaktivitetar
Inneaktivitetar
Foredrag
Ski- og snøforhold

OM OPPLEVINGANE
Zporty tilbyr lagbygging, motivasjon og felles opplevingar for enkeltpersonar, foreningar, styrer, bedrifter og andre gjennom zporty opplevingar.
På desse sidene kan du lesa litt om bakgrunn, hensikt og formål. I tillegg til ulike opplevingar du og dine kan vera med på.
Me tilbyr skreddarsøm, så alt kan justerast etter lyst og behov.
Er du interessert, så ta kontakt.

Zporty-kulturen ligg til grunn i alt me gjer og tilbyr!

Zporty-kulteren er i grunnen berre vanleg folkaskikk satt i system, og kanskje sagt på ein annan måte.
Dette med vanleg folkaskikk er tross alt det viktigaste av alt. Og for oss som arbeider i Zporty, så er dette svært viktig, i alt vi gjer.
Her har du nokre "knaggar", og tankane bak;

Me blir gode på det me trenar på!
Med det meiner me at alle bør vera bevisste på kva dei vil bli gode på, og ikkje minst på kva dei ikkje vil bli gode på. Trenar ein fotballspelar f.eks. på å kjefta på dommaren, ja så blir han god på det. Me kan trena på å koma litt for seint til alle avtalar, snakka usant, rosa eller risa, baksnakka, ta ansvar og mykje anna. Alt me trenar på blir me gode på. Og det er opp til den enkelte av oss kva me vil bli gode på. Talentet har alle innan mykje, - begge vegar...

Ein zporty person er bevisst på kva han/ho vil bli gode på.


Respekt for andre!
Heilt avgjerande. Uansett meiningar, hudfarge, utsjånad, interesser og anna. Me dømer ikkje andre sånn utan vidare. Gjer me det, så er det svært mange positive, kjekke, dyktige folk og gode kompisar me går "glipp" av.

Ein zporty person respekterer andre, i det minste i utgangspunktet.


Ikkje gå med drit i bukkså!
Med dette uttrykket meiner me at dersom det er noko som plagar deg, så ta tak i det og rydd det vekk med ein gong. Av og til er det nå ein gong slik at ting plagar oss. Kanskje er me i konflikt med ein annan person. Då skal du ordna opp i det snarast. Alt som blir liggjande blir berre verre.
Det kan også vera ting du burde ha sagt og gjort som plagar deg.

Ein zporty person ordnar opp! På ein zporty måte!

I have a dream...
Dette synest me i zporty er eit fantastisk uttrykk. Alle har ein eller fleire draumar. Plukk fram dei du har mest lyst til å oppnå. Lag ein handlingsplan, gjerne med konkrete datoar, for å oppnå ein eller fleire. Nokre små og nokre store.

Ein zporty person gjennomfører nokre av sine små og store draumar.


Ikkje vent på at lynet skal slå ned i dritaren!
Med dette meiner me at dei som er zporty ventar ikkje på at alle andre skal ta tak i ting som burde vært gjort. Synest du f.eks. at dei skjer for lite der du bur, så har du etter vår meining to alternativer. Du kan sjølv ta initiativ å gjera noko med det, eller du kan venta å sjå om lynet slår ned i dritaren... det gjer det nok ikkje.

Ein zporty person gjer noko med det han/ho meiner bør gjerast noko med.


Kven er eg, og kva skal kjenneteikna meg! (Merkevarebygging)
Zporty-kulturen meiner det er viktig at kvar enkelt av oss er bevisst på å byggja si eiga merkevare. Kva skal eg stå for, kva vil eg, kva skal kjenneteikna meg, kva vil eg bli god på osv.
Ein zporty person kan etter vår meining ha desse personlege eigenskapane;
- til å stola på
- løysningsorientert
- respekterer andre
- positiv i utgangspunktet
- tek initiativ
- og anna...

Ein zporty person er bevisst på kven han/ho er, og vil vera.

Vær mot andre som du vil at dei skal vera mot deg!
Den fortel vel det meste. Greier du dette så ligg du godt an.

Sånn til slutt!
Dette var nokre uttrykk og tankane bak. Dette arbeider me med å bevisstgjera alle me kjem i kontakt med.
Gi oss gjerne tilbakemeldingar på dette. Har du fleire knaggar og tankar å senda oss, så set me pris på det.

Zporty mennesker ventar ikkje på betre tider, dei skapar betre tider.


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools