Hjertelig velkommen til Zporty-fotballskule!
Fotballskulen som tek seg tid til å prioritera viktige element innan fotball. Først og fremst med fokus på å utvikla den enkelte spelar, men også i saman med andre.
Dette er fotballskulen for dei som vil litt xtra! Så er me klare med ein ny runde med Zporty Fotballskule. I fleire år har eg, etter mi meining, sett behovet for ein fotballskule for dei som vil litt ekstra. Med tid til å jobba med nokre få viktige momenter. Som finter, 1. forsvarar, avslutningstaktikk, vending i mottak, løpsvariantar, teknisk trening osv. Det vil kvar helg vera ulike ”gjester”, som skal styrkja det temaet som me har. Det blir eit tema pr. helg. Alle trenerar er velkomne til å kikka på. Og for dei som vil; - hjelpa til.
Sandeid Kunstgrasbane
√ 20-21 og 26-27 november + 11-12 og 18-19 desember 2009
√ Fredagane kl 17.00 - 19.30 og laurdagane kl 10.00 - 12.30 √ 4 ulike tema. I hovedsak praksis, men også noko teori. √ Alder - født i 94-95-96 og 97 (både kvinnelige og herrlige) √ Påmelding innan 10. nov. Ring eller send sms til 922 38 351. Hovedansvarleg - Frank Robert Abelseth Begrensa antal deltakarar. Kr 950,- pr. person. Tek atterhald om endringar.
Husk gode og nok klær - og ikkje minst drikkeflaska.
Enkel servering er inkludert.
Første treninga vil det bli gitt informasjon til foreldre og evt. andre som ynskjer det.
Alle trenerar er velkomne til å kikka på/delta.
I samarbeid med Vindafjord Idrettslag. (Dei som er medlem av V.I.L. betaler kr. 800,-)
Hjertelig velkomne!
(2008 vart fullbooka med 20 spelerar. Kjempegode tilbakemeldingar, og hjertelig takk til alle som deltok)
ZPORTY-FESTIVALEN Vil berre få takka alle sponsorar, deltakerar, aktivitetsleierar, grunneigerar, og alle andre som har bidratt til at Zporty-festivalen, etter vår meining, så langt er vellukka!