hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Fiske
Ski
Sykkel
Trening
Ut på tur
Allemannsretten
Aktivitetstips
Barns turtips
Fjellvettreglane
Kart og kompass
Mattips
Turområder
Turtips lokalt
Turtips (praktiske)
Utstyrstips
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold

Mattips
Mat, drikka og kanskje noko attåt er svært viktig for ein vellykka tur. Etter vår meining er noko av det viktigaste å eta og drikka før turen. Der blir det ofte slurva mykje. Ein god slump med vatn før avgang er ofte heilt avgjerande.

Det smakar alltid godt med mat når ein er ute på tur. Smør gjerne nistepakke, ha med varm kakao og ein kvikk-lunsj eller to. Og vår erfaring er at godt med smør på skivene er tillatt når me skal på tur.

Dessutan vil me på det sterkaste anbefala bål. Og det er tillatt i perioden 15.9 - til 15.4. Bål gir ein spesiell ro og gode tankar. Alle har noko å gjera, og er svært godt til matlaging. Gjerne med ei rist over der du kan legga pølser og anna.

Her har du ellers nokre mattips som me håpar at du kan dra nytte av;

1. Steikte epler
Ta ut kjernen. Fyll eplet med rosiner, nøtter, sukker og kanel. Pakkes inn i folie og legges på glørne i 10-15 minuttar.

2. Banansjokolade
Lag eit snitt i bananene på innsida av buen, og fyll den med små sjokoladebitar og nøtter. Pakkes i folie og steikes på glørne i ca. 5 minuttar.

3. Pannekaker
Ta med ferdig pannekakerøra på ein termos eller liknande og steik i panne på bålet.

4. Steikt småfisk
Skulle du vera så heldig å få fisk på turen, kan du steika fisken på pinne, i panna (gryta) eller legga den i folie. Det vil smaka med litt salt og peppar...

5. Ostasmørbrød
Legg ost, tomat, paprika, skinka eller bacon mellom to brødskiver. Smak til med timian, oregano eller pizzakrydder. Pakk inn i folie og legg på glørne i ca. 5 minuttar. Snu ofte slik at du ikkje svir brødet.

6. Pølse og brød (eller lompa)
Alltid populært. Det mange gløymer er å varma pølsa gradvis opp. Altså halda den eit stykke ifrå til å begynna med. Det er også kjekt å ein pinne som kan ta 2-3 pølser. Varier også mellom tjukke og tynne pølser. Vil også setta ein spiss på måltidet om du f.eks. har med ketchup, løk og anna småsnacks.

7. Pinnabrød
Heimelaga pinnabrød steikt på bålet smaker alltid godt og kan lagast i uendelig mange variantar.
Dette treng du;
- 250 g mel
- 1/2 ts salt
- 1/2 ts bakepulver
- 1 ts smelta margarin
- 1 1/2 del melk/vatn

Slik gjer du;
Bland den tørre og spe melka/vatnet litt etter litt. Deigen skal vera seig. Du kan godt blanda litt reven ost i deigen. Form ein klump deig til ei pølsa og tvinn denne rundt ein pinne. Steik brødet over glørne til det er gjennomsteikt og slepp pinnen (ca. 15 min). Brødet kan fylles med f.eks syltetøy. Du kan også tvinne deigen rundt ei pølse på spidd og lage «pølse i slåbrokk».

TIPS: Det beste spiddet lagar du av ei grein av friskt tre. Spikk av barken på den øverste delen kor maten skal sitta.

8. Suppa med løk og pølser.
Her har du muligheten til å trena litt på å laga mat på stormkjøkenet. Suppa med løk og pølser er både lettvint og godt.

Dette treng du;
- 1 liter vatn
- 2 terningar hønse- eller grønnsaksbuljong
- 2 raudløk
- 4 tynne pølser
- Brødkrutongar

Slik gjer du;
Kok opp vatn og buljong. Tilsett hakka løk og pølsebitar og kok i ca 5 minutter. Har du tilgang til å tørka brød (f.eks. på et bål) kan du lage brødkrutonger, hvis ikkje kan dette lagas før du drar på tur ved å tørka brød i ein ovn og kutte det i små krutonger. Brødkrutongane tilsettes suppa ved servering.

9. Egg og bacon
Finnes det noko betre enn å stikka hovudet ut av teltet ein tidleg morgen og oppdaga at gode vener er i full gong med å laga favorittfrokosten din? Her er ein kjekk variant av egg og bacon!

Dette treng du;
- Bacon
- Brød
- Egg

Slik gjer du;
Legg to skiver bacon på ein folie. Du treng berre litt smør på folien. Legg ein ring av ei brødskorpa oppå baconet. Slå eit egg i ringen og legg to nye baconskiver oppå brødringen. Lukk folien igjen og steik pakken på begge sider i glørne på bålet i ca 15 min. Du kan sjølvsagt også laga vanlege speilegg med steik bacon til. Steikt rett på panna! Heilt konge!

10. Havregrynssuppa med blåbær
Havregrynsgraut høyrer med på tur. Det er fort gjort å laga og tilfører kroppen masse energi.

Dette treng du;
- 2 1/2 dl vann eller melk
- 1 dl gryn
- 1 turkopp blåbær
- 1/2 ts salt
- 2 ts sukker

Slik gjer du;
Kok opp væske og havregryn. La det koka ca 5 minutt. Rør bæra i omtrent eit halvt minutt før grauten er ferdig. Server med melk over. Sukre etter behov. Blåbær kan erstattast med rosiner!

11. Fruktsuppa
Fargerikt, enkelt, sunt og godt. Fruktsuppa lagar du på stormkjøkenet, eller heime før du skal ut på tur.

Dette treng du;
- 1 ananas
- 2 appelsiner
- 2 blodgrapefrukt
- 4 pasjonsfrukter
- 2 kiwi
- 5 dl vatn
- 1/2 dl sukker
- 1 liten pakke konsentrert appelsinjuice
- 2 ss maissena
- 3 ss vatn

Slik gjer du;
Del ananasen i bitar. Skrell appelsinene i båtar og skjær dei ut av hinnene, slik at det blir kun fruktkjøtt. Gjer det same med grapefrukt. Skrell kiwi og del i bitar.

Kok opp vatn og sukker i ei kasserolla. Smak forsiktig til med juice (du treng ikkje heile pakken!) Rør maissena ut i nokre spiseskjeier vatn og visp jevninga i det kokande vatnet. Rør om til du har ei passe tjukk suppa.
Legg all frukta i suppa og klemm all safta frå restane av appelsinene og grapefrukta i kasserollen. La suppa småkoka til den tjuknar litt (blir den for tynn, kan du røra ut litt mer maissena i 3 ss vann)

12. Hellebrød
Kvifor ikkje baka ditt eige brød når du er på tur? Hellebrød er brødbakst på steinaldervis.

Dette treng du;
- 1 dl helkorn som du knuser sjølv
- 1 dl kveitemjøl
- 1/4 ts salt
- 1 dl vatn

Slik gjer du;
Lag deigen og klapp til brøda slik at dei blir runde og flate. Plasser ei steinhelle på bålet. Steik brøda på steinhella. Du kan også bruka steikepanne.

13. Energibomba
Denne snacksen er god å ha når kreftene begynner å ta slutt, eller når du har lyst på noko godt å bita i. Ha den alltid lett tilgjengelig.

Dette treng du;
- hasselnøtter eller peanøtter
- rosiner
- melkeskjokolade
- mandler
- havregryn
- honnikorn
- tørka bananer
- tørka aprikoser

Slik gjer du;
Hakk nøtene i bitar og sjokoladen i små ruter. Bland nøtene, sjokoladen og alle dei andre tinga du likar i ein plastpose. Husk å drikka mykje i tillegg!

15. Joikakaker og potetstappa
Alltid ein slager. Enkelt å laga til, men kan vera ein fordel med to kokemuligheter. Også viktig med litt stive tallerkar til slik mat som dette. Ja all mat.

16. Frukt
Må innrømma at frukt er svært godt å ha med. Epler, mandariner, appelsiner, pærer og mykje anna er godt og viktig. Skrell gjerne eplet med kniven og skjer av bitar etter kvart. Det er ekstra kos.

17. Sjokolade
Her finnes svært mykje godt og energirikt. Små bitar om gongen, og gjerne 2-3 sorter oppdelt i ei skål. Kan godt variera og overraska, men mange av oss vil også på dette området ha faste rutinar. Noko me ser fram til og som høyrer til på alle turar...

Ferdig turmat
Absolutt å anbefala som ein variasjon.

Og me set stor pris på om du kan sende oss dine mattips!

Kilde: noko frå turistforeningen.no og noko frå eigne opplevingar og erfaringar.


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools