hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Fiske
Ski
Sykkel
Trening
Ut på tur
Allemannsretten
Aktivitetstips
Barns turtips
Fjellvettreglane
Kart og kompass
Mattips
Turområder
Turtips lokalt
Turtips (praktiske)
Utstyrstips
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold
Her finn du ulike turtips til ulike behov på ulike plassar;

Fjellturar og skogsturar Etne og Vindafjord


Etne
1. Kritle
Kjør nokre kilometer frå sentrum i Etne mot Odda, og ta av mot Litledalen. Kjør til endes og parker bilen der. Då er det berre til å gå både sommar og vinter. Kan også godt brukast til sykling, men då helst frå 8-10 år og oppover. Det er litt steinete, og enkelte bratte bakkar. Husk å ta deg tid til å lukta og sjå. Kjempeområde med mange gode fiskevatn.

Ølen
1. Golan
Kjør frå sentrum i ølen eit par kilometer mot Etne. Ta av til venstre rett etter Fatland. Følg vegen nesten til enden av sletta som går opp mot det store byggefeltet. Ta til høgre etter siste garden på høgre side. Følg "grusvegen" til du kjem til ein grei parkeringsplass på venstre side. Der er det løypeskilt og godt merka. Svært mange alternativer, utkikksplassar og skog. Ta deg tid og gode pausar. Legg inn oppgåver som å finna den største kongla, det høgaste treet, ein fin stein og anna. Husk å drikka godt i forkant! Bål når det er lovleg er alltid koseleg.

2. Turområdet Haugen/Ryo/Heggjo

Ta av på E 134 ved Fatland slakteri. Kjør rett fram til du kjem til skiltet ”Turstiar” og sving her til høgre. Følg så gamle Etnevegen så langt ein kan koma med bil til Hedlevad. (ca.800m) Parkeringsplass. Herfrå går det skogsveg opp i området. Ein kan velje seg kortare eller lengre turar innan området. Postkasse med bok og kodeord er sett opp ved ”Bårberg” Kan og starte turen ved Revhildervad, eller gå Eivindstien oppover. Kan også kjøra så langt bilvegen går i Øvrehagen og gå inn i turområdet på merka

stiar. Parkeringsplass. Det er sett opp vegvisarskilt der stiane kryssar kvarandre. Kart over turområdet i postkasse på parkeringsplassane Hedlevad og Øvrehagen. Øvst i turområdet er der vegvisar til fjells. Turen frå Hedlevad til Bårberg tar ca. ein time

3. Svalefjell
Kjør frå sentrum opp eiodalen mot Sandeid. På toppen av bakken svingar du til høgre mot Nerheim industriområde, og kjører denne til endes. Her parkerer du i vegkanten og tar beina fatt ved å følgja kvitmerka løype. Løypa går langs traktorveg, og toppen er 477 m.o.h. Der er varde og postkasse, og ikkje minst god utsikt.
Tek omlag 3 timar tur-retur, og er barnevennleg.

4. Ormåsen
Ta av i Ølensvåg v/Statoil mot Bjoa. Ormåsen kan nåast frå fleire utgangspunkt. Den mest brukte stien til Ormsåsen var tidlegare å gå frå Berge, stikkvei til venstre ca 200 m før Ølen Betong, via vassverket sine kummar og til elvaskiftet og vidare til Ormsåsen. I nyare tid har det kome fleire nye skogsvegar i området og det er nå kanskje vanlegare å parkera bilen ved gamleskulen i Vågen, ca 200 m etter Statoil, og gå opp til Dueland og vidare på skogsveier til du kjem til merka sti som går til Ormsåsen. Ein kombinasjon av dei to omtalte stiane kan gi ein flott rundtur der ein går opp i Vågen og ned på Berge eller omvendt. Då vil du få med deg eit flott inntrykk av ”fjellheimen” på Bjoahalvøya. Dei nye skogsvegane til Vakadalen og frå Eikås på Bjoa gir andre muligheter til å nå Ormåsen.

5. Kåtanuten

Kåtanuten ligg 535 moh beint opp frå Lunde, Ølensvåg. Bratt oppstigning, men eit fantastisk utsyn når ein er komen opp. Dette er truleg den mest besøkte toppen i kommunen.  Start frå Lunde på baksida av veksthuset el. skogsveg på Kåta. Følg delvis merka sti. Posten ligg ved varden. Turen tek om lag 2-3 timar.

6. Svartafjell

Svartafjell er høgste punkt på den fjellryggen som strekkjer seg frå Ølen mot Helgeland, Sandeid og er om lag 491 meter høg. Ein kan velgja fleire utgangspunkt for å nå toppen, både frå Sandeid og Ølen.   Ved å starta frå p-plassen på Opheim, er det lett å gå mot toppen. Det er også mogleg å starta frå Helgeland, Sandeid og frå Økland, Ølen. Frå Ølen sentrum kan ein parkera bilen ved Ølen skule og gå opp mot Eide Gard. Der kjem ein inn på skogsveg og over i sti. Turen her er delvis merka. Posten ligg ved varden.

Vikedal
1. Fjellgardsvatnet
Kjør til Vikedal sentrum, litt mot Sauda, og ta av mot Roaldkvam. Kjør over Låkafossen og til du kjem over ei stor bru og får eit vatn på venstre hand. Følg vegen 4-5 kilometer vidare, og du finn ein alle tiders leirplass/fiskeplass. Husk alltid å snakka med næraste nabo om fiskekort. Egnar seg svært godt også for kano. Også eit fint nærområde som berre må utforskast.

Denne plassen egnar seg også svært godt å sykla fra, og ned til Vikedal sentrum. Vil anbefala å ha med fleire bilar, slik at syklane kan køyrast opp og syklast ned. Lite trafikk og svært idyllisk. Legg inn gode pausar. Med f.eks. bading i elva. Ca. 15 km med flatar og nedoverbakkar.

2. Hogganvik

Ta av til Hogganvik Landsby, kjør 50 – 60m til parkeringsplass. Gå gjennom portal og følg stien. Turen går så gjennom ein gammal bøkeskog over ei trebru og ned til sjøen. Her kan ein nyta kaffikoppen og ta seg eit bad når veret tillet det. Turen går så gjennom den 250 år gamle bøkalle`en, vidare gjennom tunet og opp til parkeringsplassen. Turen tar ca. tre kvarter.

3. Lysenuten
Sjå beskriving under Sandeid.

 
Skjold
1. Holmavatn

Ta av til høgre ved fotgjengarfeltet etter Esso mot Haugesund. Kjør vegen beint opp ca. 500 m til parkeringsplassen på venstre side. Turvegen er gruslagt heile vegen fram til Holmavatnet. Kassen med bok og kodeord ligg ved enden av vegen. Ein kan gå med barnevogn, noko bratt i starten, ca. 2,8 km med grusveg. Mulighet for andre turar med utgongspunkt i grusvegen, dei går då over i

stiar. Sjekk kart på parkeringsplassen.

2. Fuglen
I Austremsbygda i Skjold ved rasteplass, er det skilt om tursti.  Her kan du parkere.  Det er infotavle med kart her.  Fuglen ligg ca 540 moh og turen tar ca. 2 t. I delvis bratt terreng.  Du får att for strevet når du når toppen og kan nyte ei fantastisk utsikt i alle retningar på klare dagar.  Du treng godt fottøy, då deler av turen er myrlendt.

Vats
1. Hovda

Nuten Hovda ligg mellom Blikrabygda og Gjerdesdalen i Vats. Om du kjem langs E 134, kan du ta av ved Knapphus bensinstasjon, mot Kårhus. Ved Kårhus tek du ikkje av til Åmsosen, men held fram mot Sandeid og dermed Gjerdesdalen. Ta av til venstre inn på god traktorveg/bilveg, rett etter at du har passert eit gardstun på nedre sida av vegen. Kort etter kjem du til eit sauefjøs, der du kan parkere. Følg god traktorveg, til du er i ferd med å misse utsikta til Gjerdesdalsvatnet. 1) Her kan du ta til venstre over beite, slik at du kjem inn på ny traktorveg. Denne vegen vil først gå litt unnabakke, for så å gå mot toppen. 2) Du treng ikkje ta av til venstre, men halde fram på traktorvegen og kome til ”Friaren”. Herifrå kan du gå mot toppen. Oppe nydeleg utsikt over Vatsbygda og Haugalandet.

2. "Langs ei å" til Vardafjellet

Du tar av i Øvre Vats frå riksveg E-134 til Blikrabygda.  Der fylkesveg 737 krysser Blikraåna, finn du parkeringsplass og oppslagstavle med kart over området og 4 turalternativ.  Dersom du vel å gå på skogsveg/ stig gjennom bjørkeskog og seinare lynghei opp til Fjellskar og derfrå til Vardafjell, tar turen ca 2 t.. Vardafjellet ligg ca 680 moh.

Imsland
1. Støladalen/Myrstøl

Køyr til Ølmedal, sving av til Hustveit mot Campingplassen. På bakketoppen før Campingplassen tar ein av til høgre og kjøyrer opp skogsvegen til parkeringsplass. Husk parkeringsavg. Dette er ein lang fin tur som startar på skogsbilveg med litt stigning. Når ein tar av frå skogsbilveg går turen vidare i lett kuppert terreng. Eit fint mål for turen er Myrstøl som er ein gammal støl.

Dette er ein tur ein bør bruke heile dagen på, så kvifor ikkje ta ungane med og bruke dagen i Støladalen. Langs turen er det mulighet til bading både i vatn og elv.

2. Rindanuten

Rindanuten (489 moh) ligg mellom Ølmedal og Kvaløy. Turen er delvis merka. Dette er ein forholdsvis lett tur, som passar for heile familien. Turen opp tar ca halvannan time. På toppen har ein nydelig utsikt. Følg skilting mot Ølmedal Camping, kjør forbi Hustveit Gård, og på bakketoppen før ein kjem til Ølmedal Camping tar ein av til høgre på ein skogsbilveg. Parkering på tømmeropplagsplass. Bomveg kr 20,-.

Vikebygd
1. Vassnuten

Turen startar frå parkeringsplassen i Bjordal. Hugs parkeringsavgift. Derifrå følgjer ein skogsvegen til Longåsdalen. Like før ein kjem til sørenden av vatnet kjem ein til eit kryss. Ein tar her av og følgjer skogsvegen til høgre. Så følgjer ein Friluftsrådet si merking først på denne skogsvegen og så vidare på sti. Då kjem ein opp på baksida av Vassnuten. Stien som tar av frå den

som følgjer omkring rundt nuten er meir utydeleg. Ein må rekna 1,5 - 2,5 t opp til toppen avhengig av fart. Flott utsikt frå toppen.

2. Trodlanipa

Trodlanipa er kanskje den toppen som gir den beste utsikten over Vikebygd med sine 536 moh. Turen startar oftast frå p-plass ved Bygdahuset i Vikebygd. Ta til venstre på skogsveien (ikkje mot kraftlaget sitt anlegg) bak bygdehuset og du kjem inn på ein fin sti. Posten ligg ved flaggstanga. Frå Trodlanipa er det mogeleg å gå vidare til Trodlafjellet og Skrefjell som vil gje flott utsikt mot Dalsmyrane og nordover i Sunnhordland. Turen til Trodlanipa og ned att tar omlag 3 timar.

Bjoa
1. Vikestølen
Køyr til Bjoa og sving av til Dalen og følg vegen rett fram til endes. Eikås/Rotvoll. God parkeringsplass. Sti i starten, men elles følgjer ein skogsvegen heilt fram til Vikestølshytta. Turen tar ca 2 timar. Muligheter for overnatting. Frå Vikestølshytta kan ein gå vidar å koma ned i Vats eller Vikebygd.

2. Gråhorgjo
Gråhorgjo ligg i området mellom Ølensvåg og Bjoa og er høgaste nuten i Ølen kommune med sine 741 moh. Utsynet er fantastisk. I tillegg til å sjå Folgefonna kan ein sjå langt nordover mot Bergen, innover i Kvinnherad og store deler av områda rundt Sunnhordlandsbassenget.  Turen kan starta frå mange stadar. Den best merka stien går frå vassverket sitt anlegg på Leite. (500 m opp vegen til Dalen frå Bjoavegen) Elles kan ein starta ved fotballbanen på Bjoa eller frå Tytebærrabben (på vegen mot Eikås), eller frå Dueland i Ølensvåg. Posten ligg ved varden. Turen tek om lag 4-6 timar alt etter kva rute og tempo ein veljer.

Sandeid
1. Fjellstøl/Olalia

Køyr mot Sandeid, ta av til Helgeland og køyr til Fjellstøl ski- og friluftsanlegg Sandeid. Mange mulige toppar og avstikkarar på denne turen for dei som vil ha større utfordringar. Olalia ligg om lag 500 moh og turen tar om lag 3,5 timar.

2. Lysenuten

Turen tar til ved toppen av Østbøfeltet i Sandeid, eller frå Eikeland i Vikedalsdalen.  Turen frå Sandeid, ca 1.5 t., startar med bratt stigning og er kanskje litt tung, men vel verdt strevet.  På klare dagar har ein ei fantastisk utsikt, til Stavanger i sør og Stord i nord.  Dette er den høgaste fjelltoppen i området og ligg på 812 moh.



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools