Takk te addle som bidrog til Zporty-snøfestival - 2006!
Så greide me å koma i havn på eit vis også dette året. Og snøen som me var redde for kom i bøtter og spann. Og i tillegg var det ein snø som passte oss midt i blinken. Passe kram og dermed svært god å leika å byggja med. Og i tillegg viser det seg alltid å vera mange unge og også vaksne som bidrar og engasjerer seg. Og det er heilt avgjerande. For sjå berre på snømann- og snøborgbygginga. Heilt imponerande. Og til neste år er me sikre på at endå fleire har med seg ulike effekter til bygginga.
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|