Og samtidig så er det "bevis" for at nye Zporty-festivalar nærmar seg. Også dette året vil me prøva å få til Zporty-snøfestival på Gullingen i Suldal, den første helga i påsken. Altså palmehelga.
I tillegg vil me endå ein gong prøva å få til Zporty-festivalen i Vikedal 18.-19. og 20. juli. Det er i allefall det som er planen.
Me treng også dette året drahjelp frå kommunar, bedrifter og andre supporterar for å få dette til, men det har me tru på!
Så då vil eg berre få takka alle dei som bidrog på alle slags ulike måtar i 2005. Eg vil ynskja alle ei fredeleg og oppbyggande jul, og ynskjer alle eit godt nytt år!
Takk for at du gjorde ditt!
Helsing an`Frank