Heilt kanon, snadder og tatanka!
Då var Zporty-festivalen 2005 over. Og me som står bak detta vil først og fremst få takka, takka og takka! Eit svært positivt publikum, sponsorar, Vikedal U.L sine "ungdommar", kommune, grunneigerar, instruktørar, ulike lag og foreningar for f.eks. lån av kanotralla osv. osv. Heilt fantastisk!!!
Me får svært mange gode tilbakemeldingar. Både lokalbefolkning og turistar gir ros og konstruktive tilbakemeldingar. Og sjølvsagt er der områder og ting me kan og må forbedra. Men me synest at me har ei grei utvikling frå 2004.
Om det blir ny festival i 2005 er nok ikkje heilt sikkert. Det er pr. i dag for mykje arbeid for å få på plass alt, og ikkje minst for å få dette til å gå i hop økonomisk. Me hadde ca. 15.000,- i underskudd i 2004, men me håpar å kunna dekka dette inn i 2005. Og det er me sjølvsagt rimeligt fornøgde med. Men, det er mykje arbeid frå mange for å få det til.
Det er sjølvsagt svært inspirerande når så mange møter opp, og når du ser og høyrer kor fornøgde både store og små er. Så det veg tungt!
Då vil me takka for denna gongen, og me set pris på tilbakemeldingar i etterkant. Det er svært viktig, så ta deg tid til det.
Ha ein fortsatt fin sommar, helsing frank...
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|