Popstjernå er på gong!
Då er me klare med ny runde med Popstjernå! Og tenk at det var Mari Vestbø som vann Popstjernå-2004! Og denne gongen er ho med som jurymedlem! Det blir knall både for ho og dei som deltek. Så nå må øvinga starta!!!
I 2004 var det 60 stk. som møtte til audition i Haugesund, Vikedal og Sauda. Og 27 av dei vart sendt vidare til finalerunden i Vikedal. Og under finalen var det 500 stk. i teltet som var med og stemte, og i tillegg laga dei kjempestemning. Så nå er det på`an igjen...
Gå inn på zporty-festivalen på hovedsida, klikk deretter på aktivitetar og så på popstjernå. Der skal du finna dei opplysningane du treng. Er det noko uklart, ja så ta kontakt. Viktig at du er ein av dei som engasjerer deg å får flest mulig til å stilla. For det er ei svært positiv oppleving uansett utfall.
Hjertelig velkommen på audition; Radisson SAS Park Hotel, Haugesund, mandag 23.5. kl. 18.00 Grand Hotel, Sauda, tirsdag 24.5. kl. 18.00 Vikedal Bygdahus, onsdag 25.5. kl. 18.00
Kom med dei vennene og stemmene dokke har!
Helsing frank
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|