Takk til alle som deltok på zporty snøfestival!
Ja, så er Zporty snøfestival arrangert for første gong. Snø hadde me i massevis, godt med blide og engasjerte folk i alle aldrar, gode værforhold og mange gode opplevingar. Så dermed skulle det vera lagt eit godt grunnlag for å arrangera dette igjen. Det er også viktig for oss at dei som har bidratt til å få dette til, altså Suldal Reiselivslag, Suldal Kommune, SUS, ulike instruktørar, bedrifter og lag- og foreningar er fornøgde. Så det er fint om også du kan "bruka" dei.
Målsettinga med festivalen var å inspirera folk i alle aldrar til å koma seg ut å bruka snøen og naturen på beste måte. Me kursa ca. 100 personar innan snøbrett, telemark, alpint, skismurning, klassisk og fristil. I tillegg var det 40-50 personar som bygde snømann, 25 som bygde snøbørg, 60 som rant på rumpebrett i tillegg til trugestafett, tandemski og underhaldning av ulike slag. Heile familiar var med på dei same aktivitetane, og det er viktig for parolen vår som er lær, lek & lev! Tenk berre på dei 20 som gjekk på skismurningskurs. Dei vil heilt sikkert gå meir på ski, og få ei endå betre oppleving. Og i tillegg vil dei heilt sikkert hjelpa andre, som også vil få ein endå "betre" skitur. Og det gjeld også mange andre som deltok. Ellers så er me svært takknemlige for tilbakemeldingar. Bør me gjera dette meir, kva med aktivitetane, tips til kursa osv. Det er svært viktig.
Så då vil eg berre sei 1000-takk til alle som møtte opp, og ikkje minst til alle dei som engasjerte seg. Heilt snadder! Snøsnadder!
Ha ein fortsatt fin dag - helsing an`Frank
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|