Gratulerer Mari!
Gratulerer så mykje til Mari Vestbø.
Under Zporty-festivalen i Vikedal sommaren 2004 arrangerte me ein lokal vri av Idol som hadde navnet Popstjernå! Over 50 stk. frå heile distriktet deltok. 27 gjekk vidare til mellomrunden under festivalen. 10 gjekk til semifinale og 5 gjekk til finalen. Den vart arrangert under avslutningsshowet. 500 personar møtte opp og avgjorde, i saman med juryen, rekkefølga på deltakerane. Og der vant Mari! Og nå er ho altså i finalen i Idol. Me som arrangerte Popstjernå vil berre gratulera alt me kan. Kjempekjekt for Mari, oss, dei andre som deltok og alle som var der! Heilt snadder!

Mari Vestbø i kjent stil under Zporty-festivalen-2004
Så nå er me spente. Og i juryen den kvelden sat Maria Thoresen. Og i kveld kan også ho koma til finalen. Det hadde vore for godt til å vera sant. Me har planar om å arrangera Popstjernå også i 2005, så nå er det berre å gjera seg klar til audition. For det må vera vegen å gå for å få trening til endå større oppgåver.
Går du inn på Zporty-festivalen og klikkar deg inn på Popstjernå, så kan du sjå kor og når det skal vera audition. Sei det til alle du kjenner, for detta blir spennande.
Ellers så takka Mari ja til å vera med å underhalda på Zporty-snøfestival på Gullingen i Suldal palmehelga. Men, det gjorde ho to dagar før ho gjekk vidare til finalen, så nå er me litt spente om det fortsatt let seg gjera. Det hadde vore utruligt kjekt, men me forstår at det kanskje ikkje let seg gjera. Men me som arrangerer skal snakka både med Mari og Maria over helga. Så følg med...
Zporty-snøfestival! Festivalen for dei små og store stjernene...
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|