Ingen Zporty-festival i 2011
Dessverre blir det ingen Zporty-festival dette året. Me har i alle dei åra festivalen har vore arrangert arbeidd svært mange timar for å få det til. Ikkje minst for å få økonomien til å bli ok. Me har vore heldige å hatt fantastisk samarbeid med det lokale næringslivet. Men me har også vore avhengige av bidrag frå Vindafjord Kommune og Rogaland Fylkeskommune. Og det har vore svært bra.
Dette året fekk me ingen tilskot frå Rogaland Fylkeskommune i første omgang. Og det har også vore usikkert med tilskot frå Vindafjord Kommune. Og det gjorde at me valgte å seia stopp. I det minste dette året, så får me evt. sjå kva som skjer vidare. I ettertid har me blitt svært imponert av Rogaland Fylkeskommune som nokre veker etter avslaget, som me gav uttrykk for at me var skuffa over, fant nokre kroner til oss på eige initiativ. Det var imponerande! Men, den meldinga kom dessverre for seint. Me aksepterer sjølvsagt prioriteringane andre gjer, men eg meiner sterkt at alkoholfrie familiefestivalar må prioriterast!
Det er svært mykje arbeid å laga ein slik festival, og det er også mykje arbeid med å få på plass økonomien. For det kostar mykje å arrangera. Og så lenge me arrangerer for born så er det også vanskeligare å ta tilstrekkeleg betalt.
Eg vil også takka fantastiske instruktørar, grunneigerar, sponsorar, Hilde og øvrige familie og mange andre hjelperar!!! Og ikkje minst alle som har delteke. Det har vore heilt fantastiske tilbakemeldingar og stor entusiasme.
Me beklagar at det er blitt slik, og ynskjer alle ein flott og aktiv sommar!
Med helsing Bjørnefot og Frank Robert Abelseth
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|