Iniativtakar Frank Robert Abelseth innrømmer at det var med spenning han gjekk inn i sist veke, då interessa på Popstjernå skulle evaluerast. At så mange som 50 møtte opp til audition var over all forventning.
- Eg hadde tru på at dette var noko ungdommane ville vere med på, men eg har nok aldri vore så usikker på noko prosjekt nokon gong, og då er det sjølvsagt kjekt at dette får god respons.
Med 14 frammøtte i Haugesund og 19 i Vikedal og 17 i Sauda var mottakinga over all forventing, og juryen fekk ein omfattande jobb.
- No har eg ringt til dei som har gått vidare, men som ikkje fekk beskjed der og då. Ein svært hyggjeleg jobb forresten Og tilbakemeldingane frå dei er at juryen har gjort ein svært god jobb, seier Abelseth. Som ønskjer å takke juryen for dette, samstundes som han sender ein takk til alle ungdommane som møtte opp og tok den avgjera om å gå inn å syngje for juryen.
- Det er nok eit tøft steg å ta for mange dette, og også dei som ikkje gjekk vidare til finalane, men møtte opp på audition, ønskjer me å ha med oss under festivalen i juli. Så dei kan vente seg ei overrasking frå oss.
Av dei 50 som møtte har juryen no plukka ut 27 og Frank Robert Abelseth har fått tilbakemelding frå juryen at nivået er høgt og avgjera om kven som skulle gå vidare var vanskeleg.
- Gjennom opplegget me har under Zporty-festivalen vonar me at nivået skal bli endå høgare, for me ønskjer at det skal vere mykje læring i dette, og dei unge popstjernene vil få opplæring både i song og framføring, før 10 blir plukka ut til semifinalen på onsdagsvelden der publikum skal stemme fem vidare til finalen under familieshowet på torsdagskvelden.
Detta blir svært spennande, og ikkje minst kjekt! Nå er det viktig at så mange som muligt møter opp og bidrar.