Det er primus motor bak opplegget Frank Abelseth som seier dette, og som vonar dette kan vere eit tilbod for dei mange framtidige popstjernene i distriktet.

- Eg var sjølv med på ein slik konkurranse i 1983. Eg vann i Rogaland, og gjekk vidare til finalen som gjekk i Trondheim. Og for meg var dette ei stor oppleving, seier Abelseth som har jobba intenst den siste tida for å på plass ein jury som det kan vere interessant å prøva seg for.
- Det føler eg no at me har fått til og sett saman ein jury som både syns dette er spennande å vere med på og er motivert for å gjera ein skikkeleg jobb, seier han, og kan fortelje at Kjetil Ulland frå Sandeid, Harald Lavang, Kine Nesheim og Helge Toft frå Haugesund er dei som blir med i juryen.
-Dette er folk som har brei erfaring som band- og studiomusikarar, i tillegg til at både Kjetil Ulland og Harald Levang har produsert plater for kjende artistar, seier Abelseth og legg til at Kine Nesheim er ei ung jente som i vinter hadde suksess og gjekk heilt til topps i NRK Rogalands – Talentlokalen.
Kine Nesheim vann med ein sjølvlaga song, og i ettertid føler ho at dette har ført til at fleire har fått augene opp for det ho held på med.
- For meg har dette slått positivt ut og eg har fått større oppmerksomhet rundt musikken eg lagar, seier ho, som kan fortelje at ho også tidlegare har vore med i ein jury under ein talentkonkurranse.
- Ja, er var med i juryen under Haugalandsmesterskapet i rock og det var både interessant og utfordrande å få vere med å meine noko om andre sin musikk og det dei gjer på scenen.
Idol Maren anbefaler
Ei som Frank Abelseth svært gjerne ville hatt med seg i juryen var Karmøy-jenta Maren Flotve Birkeland, betre kjent som Idol Maren. Ho hang lenge med blant dei ti finalistane i årets Idol-konkurranse, men er no tilbake på Karmøy for å førebu seg til eksamen på vidaregåande og måtte melde avbod til juryarbeid denne gongen. Ho vil likevel vere med å slå eit slag for dette tiltaket.
- Eg syns det er flott og kjempebra at nokon gir dei unge ein sjanse til å få vist seg fram. Eg veit at det finst mange unge talent rundt omkring og for dei som har eit ønskje om å drive med musikk i framtida er dette ein god måte å kome vidare på, seier Maren, og legg til at for henne har deltakinga i Idol gjort henne rikare på erfaringar.
Frank Abelseth i Zporty barne- og ungdomsfestival lovar at dei som går vidare til den avsluttande finalen i Vikedal vil få opplæring- og instruksjon i forkant av finalane.
- Det å lære noko er sentralt i Zporty-konseptet og me kjem til å ha kvalifiserte folk som vil kunne hjelpe dei unge både med song og framføring, seier han og lovar skikkeleg finalestemning ei eit telt som kan ta opp til 1000 tilskodarar.
- Me har vore så heldige å få disponera teltet til Sommarfestivelen i Vikedal, som er på rundt 800 kvadratmeter og gir plass både til stor scene og masse publikum.
Så kom igjen... Scenen er din!