Popstjernå
POPSTJERNÅ.
Då er me klare for å få fram fleire popstjerner. På same måte som Idol, møter dei som er zporty nok, til audition enten i Haugesund, Vikedal eller Sauda.
Ein jury vil senda max 30 stk. vidare til finalerunder som blir gjennomført under Zporty Barne- og Ungdomsfestival. Nå er det opp til deg...
Detta blir spennande. Er du i alderen 13-19 år så kan du berre møta til audition, og der vil du bli lytta til av ein svært så oppegåande og interessert jury. Du syng akkurat kva du vil i opptil to minuttar. Eller eit vers og eit refreng om det passar betre. Me skal gjera vårt beste for å gi deg nokre velmeinande råd med på vegen, uansett om du går vidare eller ikkje. Dette er heilt ufarleg, men heilt sikkert lærerikt og spennande. Les meir under popstjernå, som ligg under aktivitetar, som igjen ligg under barne og ungdomsfestival. Lure du på noko, ja så kontakt oss. Velkommen til audition, og lykke til!
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|