Alfred Berge på Zporty-fotballskule
Denne helga hadde Zporty-fotballskule si tredje og nest siste helgesamling. Denne helga fekk me besøk av Stord sin toppscorar Alfred Berge (opprinneleg frå Ølensvåg). Han lærte oss korleis han gjorde for å laga mål. Og det var ikkje tvil på praksisøkta at det virka. Så det var stor stas.
Og tidligare har me hatt besøk av Kristoffer Haraldseid, Martin Vestbø, Magne Skålnes (trenar i Ølen I.L.), Karl Otto Endresen (keepertrenar som er med kvar fredag), Kjell Sture Jensen (Vardakademiet), Alfred Berge og den siste helga kjem Harry Skulerud.
Me vil også få takka foreldre, snømåkerane Svein Helge og Ivar, Vindafjord I.L. og ikkje minst Hilde for himabakst...
Og ikkje minst stor takk til deltakerane frå Vikedal, Sandeid og Ølen. Som verkeleg har deltatt med stor entusiasme og konsentrasjon. Dette har gitt meirsmak....
Helsing an`Frank

Her har du øverst fra venstre; Frank Robert Abelseth, Håkon Stople, Øyvind Øverland, Simon Bjelland Abelseth, Petter Nordskog, Vegard Øverland, Martin Lærdal, Rune Torsteinsbø, Rasmus Lærdal og toppscorar Alfred Berge. Nederst fra venstre; Bjørnar Svantesvoll, Hans Rørtveit, Olav B. Bjelland, Sverre Ramsfjell, Toralf Stople jr., Henrik Tokheim, Anders Matre, Anders Moland, Morten Kaldheim og Asbjørn Lærdal.
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|