Zporty Fotballskule
I fleire år har eg, etter mi meining, sett behovet for ein fotballskule for dei som vil litt ekstra. Med tid til å jobba med nokre få viktige momenter. Som finter, 1. forsvarar, avslutningstaktikk, vending i mottak, løpsvariantar osv. Eg har i fleire år tatt opp dette med ulike klubbar, men har forståing for at dei har nok med sitt.
Derfor tek eg no dette initiativet. I saman med Vindafjord Idrettslag.
Det vil kvar helg vera ulike ”gjester”, som skal styrkja det temaet som me har. Det blir eit tema pr. helg.
Alle trenerar er velkomne til å kikka på. Og for dei som vil; - hjelpa til.
- Les meir...
Sandeid Kunstgrasbane
√ 7-8 og 21-22. november og 5-6 og 12-13. desember √ Fredagane kl 17.00 - 19.30 og laurdagane kl 10.00 - 12.30 √ 4 ulike tema. I hovedsak praksis, men også noko teori. √ Alder - født i 93-94-95 og 96 (både kvinnelige og herrlige) √ Påmelding innan 1. nov. Ring eller send sms til 922 38 351. Hovedansvarleg - Frank Robert Abelseth Begrensa antal deltakarar. Kr 950,- pr. person. Tek atterhald om endringar.
Husk gode og nok klær - og ikkje minst drikkeflaska.
Enkel servering er inkludert.
Første treninga vil det bli gitt informasjon til foreldre og evt. andre som ynskjer det.
Alle trenerar er velkomne til å kikka på/delta.
I samarbeid med Vindafjord Idrettslag.
(Dei som er medlem av V.I.L. betaler kr. 800,-)
Hjertelig velkomne!
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|