Det er zporty med uteaktivitetar
Joda, visst har det regna! Men, å vera ute er alikevel balsam for sjela. Og me vil anbefala turar i Etne-fjellet, overnattingstur til Olalia, sykkeltur over fjellet frå Ølensvåg til Bjoa (du sykle hovedvegen heim igjen), fisketur på Gjerdesdalsvatnet (mellom Ilsvåg og Vats), sjøfiske, strandturar der me ser kven som finn det minste blåskjellet, lag bue av brake på turen, tur til Lysenuten, nistepakketur til Peparen i Skånevik, besøk hos ei pissemaurtua for å sjå korleis dei arbeider og mykje meir. Utruleg med tilbud. Og eit ekstra tips frå oss; - ikkje for mange toppturar for ungane! La toppen bli ein konglekastekonkurranse i skogen rett bak huset... Og kanskje har du pannekakerøra med bacon i ei flaska, klar for steiking på stormkjøkken så er det garantert suksess. Og treng du gode klær, sko og anna utstyr til fiske, teltovernatting, matlaging etc., så er du hjertelig velkommen innom til Zporty-butikken i Etne Senter. God tur!
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|