Extremsport på Zporty-festivalen!
Været gjorde at det nærmast var extrem-sport under fleire av aktivitetane på Zporty-festivalen i løpet av onsdagen. Enkelte aktivitetar var avlyst/utsatt, mens andre måtte legga om løypa. Men, eit fantastisk publikum stod på og takla dette imponerande godt. Også dei vaksne som var med på Jungeltur De-Luxe på onsdagskvelden. Ja ikkje minst dei... Nå, torsdag morgon, er været i klar framgang, og me håpar at det meste vil gå etter rute. Noko som i allefall går etter planen er Familieshow torsdag kl. 20.00. Der det blir masse underhaldning av flotte ungdommar, finale i Popstjernå-2007, allsong, overraskelsar og ikkje minst konsert med Sandra. Så hjertelig velkommen til alle!
Klikk
her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
|
  |
Artikkelarkiv |
 |
|
|